Vossa Jazz-prisen til Øyvind Hegg-Lunde

5. november delte fylkesordførar Jon Askeland ut Vossa Jazz-prisen 2021, i samband med konserten til Voice & Strings & Timpani på USF Verftet i Bergen.

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnaren, i år gatekunstnaren ITPD. 

 Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. 

 I grunngjevinga heiter det:

Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.  Årets vinnar har røter i begge dei to fylka som no saman utgjer Vestland fylke. 

 Årets prisvinnar er ein musikar som er svært allsidig og har ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei solid heimleg karriere, jobbar hen også i ei rekkje internasjonale konstellasjonar, på tvers av sjangrar, og prisvinnaren har i arbeidet sitt  samarbeida innan dans, poesi, teater og perfomancekunst. I tillegg har vinnaren gjort fleire bestillingsverk for både samtids-, jazz- og folkemusikkfestivalar – inkludert suksessrike verk/framsyningar for born og ungdom. 

 For å nemna nokre i ein vakker og variert bukett artistar som prisvinnaren har spelt med: 
Arve Henriksen, Ståle Storløkken, Per Jørgensen, Marilyn Mazur, Terje Isungset og Nils Petter Molvær. Frå hans eigne prosjekt kan me nemna Building Instrument, Erlend Apneseth Trio – og kveldens Voice & Strings & Timpani. 

 

Prisvinnaren seier: «Virkelig beæra over å gå inn i rekka av alle dei fantastiske kunstnarane som har mottatt denne prisen tidligare. Mange av dei har eg lytta særdeles masse til og hatt som stor inspirasjon, og det å motta ein slik pris skapar ytterligare skapartrang. Eg er særdeles takksam for å ha mottatt denne prisen.»

Gratulerer!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.