I 2010 skipa Vossa Jazz til Superjazz for første gong, eit tilbod til menneske med nedsette funksjonsevner. Her er det verkstader og konsert med profesjonelle musikarar.
Superjazz 2012 med The Brazz Brothers!
Superjazz veks og utviklar seg som konsept. I år har Vossa Jazz slått på stortromma og invitert The Brazz Brothers, eller på folkemunne: Brazz Bros. Desse seks energifylte musikarane frå Langevåg i Sula kommune skal palmesundag halde workshop og konsert for og med personar med psykisk utviklingshemming.
Superjazzarane får i år som tidlegare høve til å musisere og lære nye ting på verkstad, for så å delta med bandet på konsert. Dette vert ei høgdepunktsoppleving! I år vert arrangementet flytta til festsalen på Park Hotel Vossevangen.
Jarle Førde – trompet, flugelhorn
Jan Magne Førde - trompet, flugelhorn
Runar Tafjord – horn
Helge Førde – trombone
Stein Erik Tafjord – tuba
Kenneth Ekornes - trommer
Verkstad: 11:00 - 13:00
Konsert: 13:00 - 14:00
Billettpris kr. 150,- Billettsal under festivalen.

