Billettar til Vossa Jazz 2012 kan du kjøpa hjå Billettservice, www.billettservice.no / 815 33 133, Posten, Narvesen og 7-Eleven.
Informasjon om billettsystemet - og nokre prisar:
Enkeltbillett
Det vert selt enkeltbillettar til dei fleste konsertane (frå kl. 21:00 fredag og laurdag er det éin felles billett for alle konsertane på Park = huskort.) Med enkeltbillett er du sikra plass fram til 15 min. før konsertstart. Enkeltbillett gjeld òg som plassbillett.
Huskort
Gjeld alle konsertane på Park frå kl. 21:00, fredag og laurdag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til desse konsertane.
Dagskort
Gjeld alle konsertane den aktuelle dagen dersom ledig kapasitet. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under.)
Festivalpass
Gjeld alle konsertane på festivalen dersom ledig kapasitet. Du må i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under.)
Plassbillettar
Gjeld gjester med festivalpass og dasgkort: Til opningskonserten, Tingingverket og konsertane i kyrkja og Osasalen på Ole Bull Akademiet må gjester med festivalpass og dagskort kjøpa plassbillett for å vere sikra plass. Plassbilletten garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart.
Plassbillett til opningskonserten og Tingingsverket kan du kjøpa både på førehand hjå Billettservice og under festivalen (dersom ledige plassar). Desse kostar 50 kr/stk. Plassbillettar til konsertane i Osasalen og kyrkja kan du kjøpa du på billettkontoret vårt på Park (Vossevangen) under festivalen. Desse kostar 20 kr/stk.
Nokre billettprisar 2012:
| Festivalpass, ord. | 1.600,- |
| Dagskort fredag | 600,- |
| Dagskort laurdag | 700,- |
| Dagskort sundag | 550,- |
| Huskort Park fredag | 445,-/550,- i døra |
| Huskort Park laurdag | 445,-/550,- i døra |
| Tingingsverket | 300,- |
I tillegg kjem gebyr til Billettservice.
