Tegneklubben er eit samarbeidsprosjekt mellom dei fem kunstnarane Terje Nicolaisen, Paul Dring, Martin Skauen, Bjørn Bjarre og Ulf Carlsson. Sidan 2004 har klubben hatt sporadiske møte der dei teiknar, konspirerer og diskuterer kunsten si framtid. Teikingane ber preg av eit spontant forum for tankar og meningar, og presenterer underlege observasjonar, humoristiske former og ugjennomførbare idear. Det er eit kollektivt prosjekt som vektlegg improvisasjon, eksperiment og samarbeid.

Tegneklubben har i fellesskap produsert rundt 10.000 teikningar. Dei har laga mange stads-spesifikke utstillingar fleire stader i Noreg og utlandet, undervist på Kunsthøyskolen i Oslo og vorte intervjua på NRKs Nasjonalgalleriet.

På Vossa Jazz vil klubben reflektera over og reagera på konsertar, musikarar og folkeliv gjennom teikning og collage. Arbeida vert hengt opp og publisert kontinuerleg under festivalhelga.

http://www.tegneklubben.com/