Nils Økland, Tingingsverkkomponist 2016

Nils Økland

I over 30 år har den kvalitetsbevisste felemeisteren sprengt sjangergrenser med sikker bogeføring. Nils Økland har skapt ein eigen folkemusikk som er bevegeleg, mangfoldeg og innovativ ved å trekkje inn element av klassisk, samtids-, jazz, verds- og improvisasjonsmusikk. Sjølv meiner han at han lagar låtar som kombinerer poesien i folkemusikken med energien i punken – det seier mykje om spennvidda i det musikalske uttrykket hans. Økland er ein av dei få som verkeleg meistrar det krevjande kunststykket å balansera varierte moderne impulsar med respekt for den tradisjonsrike folkemusikksjangeren.

Til Tingingsverket tek han med seg ein utvida versjon av det fantastiske bandet han sette saman til plata Kjølvatn som kom på ECM i 2015. Dette er eit kraftfullt album som viser Økland på sitt aller beste. Fredrik Wandrup skreiv i ei omtale i Dagbladet: «Forførende toner fra et trolsk landskap. Musikk som er fysisk nærværende og visjonsskapende.», og Arild Andersen trilla terningkast 6 i Aftenposten: «Kjølvatn bærer på et vakkert alvor, holdt oppe av et sobert samspill fra et eminent band…».

Tingingsverket Glødetrådar tek eit steg vidare frå sisteplata, her vil Økland blant anna gje meir solistisk plass til enkeltutøvarane.

Nils Økland – feler
Mats Eilertsen – bass
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Håkon Mørch Stene – trommer
Åsne Valland Nordli – vokal
Per Steinar Lie – el-gitar
Ørjan Haaland – trommer

http://nilsokland.no/

Kjøp billettar hjå TicketCo.

ticketco

Del gjerne!