• This event has passed.
sundag 20. mar 2016

Stein Urheim fekk Vossa Jazz-prisen 2010, no kjem han til festivalen med nyskrive verk. Det «kosmolodiske orkesteret» han tek med seg er ei samling stjernemusikarar med svært sterke individuelle stemmer. Urheim beskriv verket som «ein musikalsk reiseberetning frå meir eller mindre utopiske samfunn, fiktive og realiserte». På denne reisa kan ein venta seg utstrakt bruk av mikrotonalitet i kombinasjon med eit meir konvensjonelt tonespråk, referansar til folkemusikk frå ulike verdshjørne og ikkje minst mykje gnistrande improvisasjon.

Dei to solo-albuma hans på Hubro og tre duo-album med Mari Kvien Brunvoll på Jazzland-labelet til Bugge Wesseltoft har vist at det bur ein briljant samtidskomponist i Stein Urheim. «Musikken forundrer og forbløffer, den er gnistrende original» sa Fredrik Wanderup i Dagbladet om den sjølvtitulerte plata hans frå 2014. I 2016 kjem det eit nytt album på Hubro.

Per Jørgensen – trompet
Kjetil Møster – saksofonar
Ole Morten Vågan – kontrabass
Kåre Opheim – trommer og perkusjon
Stein Urheim – gitarar, vokal og elektronikk

Mari Kvien Brunvoll har dessverre meldt avbud grunna sjukdom.

English
Stein Urheim won the Vossa Jazz Award in 2010, now he’s back with a new commissioned work for the festival. He describes the music as «a musical journey to more or less utopian societies, both fictive and real. With him on the expedition is  a group of highly acclaimed Norwegian musicians with strong, individual voices. They’re set for an adventure that combines microtonality with more conventional folk inspired music, influences from around the world and back again and breathtaking improvisation.