Lastar Hendingar

Linda Eide: Melodi Grand Jazz

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 12:30

Oppdag kjensler du ikkje visste at du hadde for Melodi Grand Prix.

Linda Eide lærer Jazzfolket å elska Melodi Grand Prix. I alle fall hata det litt mindre.

Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff, til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det Jazzen som førte til at Noreg i 1963 stod for tidenes største juks og bedrag? Kom i Drosjebua og bli kulturhistorisk opplyst, på timen. Faktamoro i intim og historisk taxistemning.

Jazzfolket er verdas mest ope og fordomsfrie publikum. Men når det kjem til Melodi Grand Prix kjem gjerne toleransen til kort. Men den utskjelte og elska melodikonkurransen har tatt jazzen på meir alvor enn mange er klar over. Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette elleville europeiske fenomenet som har fått kjenslene våre til å rista, skaka og krølla seg, i så mange år.

Linda Eide dukkar ned i historia og kjem som vanleg opp att med fascinerande fakta, som gjer at den verda du kom med, ser litt annleis ut når du går derifrå.

Musikalsk bækking og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka, på sin særeigne fordomsfrie, improviserande og musikkelskande måte.

PS: Dette er ei test-framsyning  og Drosjebua er for høvet omgjort til Pilotbua. Ein stad der idear på upretensiøst vis kan testast ut, på eit intimt og engasjert publikum. Velkommen!

Linda Eide
Sjur Hjeltnes