To ekstra konsertar!

Fredag kl. 21.00 i Pentagon:

Frå psykosekroken med Stian Carstensen

  • Kan myta om at kunstnarar må lida for å prestera ha noko for seg?
  • Dersom ein tar demonane frå ein kunstnar, sit ein då igjen med ein formingslærar?
  • Er friksjonsfri kunst kjedeleg?
  • Korleis påverkar psykose, vrangførestellingar og depresjon den kreative delen av hjernen?
  • Kor tid vart verdas første vellukka rektaloperasjon føretatt, og på kva adeleg person? Og kva verdskjent låt (som er kjent frå ein heilt annan samanheng) vart skriven for å feira vitenskapens triumf den gongen?
  • Kvifor er mange menneske rytmisk utviklingshemma?

Desse, og flere kuriøse spørsmål, vil bli belyst frå både normale og sinnsjuke perspektiv (Stian har vore sinnsjuk, så han har lov til å bruka ordet i ordet si rette betydning).

I tillegg vil Stian gyva laus på fleire av instrumenta han har med seg som akutt-terapi der språket måtte stoppa.

Velkomen til ein liten time med Stian, hans instrumentpark og hans ulydige hjerne.

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


Sundag kl. 09.00 i Kapellankåken:

Meditasjonskonsert med Berit Opheim

Dette er ein invitasjon til ein stille konsert med ro og nærvær, meditativ musikk, improvisasjonar og konkrete songar, ingen applaus eller stopp undervegs.

Konserten varer om lag tre kvarter. Deltakarne sit på stolar, eller om du vil, ligg på medbrakt yogamatte.

Konserten er gratis.

Del gjerne!