«Og det kan ikkje forteljast, og det kan ikkje skjønast»

Sinikka Langeland (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Sinikka Langeland (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Køen til konserten med Sinikka Langeland strekker seg langt forbi inngangen til Osasalen, og blide men svette frivillige prøver å få så mange forventingsfulle publikummarar inn og på plass som er mogleg og lovleg. Fleire vert stoppa i døra, dei må gå tilbake til vind og sol i Vossabygda. Me andre får heldigvis nyta Vind og sol inne, når Vossa Jazz her byd på Sinikka, eit stjernelag av musikarar og dikt av Jon Fosse.

Det er så usigeleg vakkert. Vatn fyller auga når Sinikka med styrke og varsemd formidlar for publikum som tek det varmt imot. Så varmt vert det, at strengene strekk seg. Ja, altså på kantelen til Sinikka Langeland. Men også hjertestrengene strekk seg denne føremiddagen. Det er så det ikkje kan skjønast at vi får lov til å oppleve dette i lag.

Mathias Eick og Trygve Seim spelar duettar og soloar som rører ved det djupaste indre, Mats Eilertsen trakterer bassen som berre han kan, og Thomas Strønen trommar saman eit rytmisk akkompagnement som trekkjer oss mot varmen.

Sinikka Langeland seier sjølv at dette er utruleg stas, og akkurat det er nok – faktisk – heile sanningi.

Del gjerne!