Jubileumskonsert med Voss Storband

Voss Storband (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Voss Storband (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Det var klart for jubileumskonsert med Voss Storband med lokale solistar i verdsklasse. Tore Brunborg, Ivar Kolve, Kåre Kolve og Øyvind Dale stilte også med nykomponert materiale for høvet og alt låg til rette for ein flott konsert.

Storbandet leverte som alltid, og er stødig leia av dirigent Are Ovesen. Solistane fekk også vist seg fram – og det var ein speleglad gjeng som hausta applaus og tilrop fra salen.

Ekstra artig var det å sjå nye unge fjes hos storbandet – det er berre å glede seg til jubileumskonserten om 50 år.

Del gjerne!