Jolajazz 2022

Jolajazz-1

Endeleg er det den tida på året då me kan presentera programmet for årets Jolajazz! Dette er ein tradisjon som går heilt tilbake til Vossa Jazz sitt andre år. Den perfekte blandinga av kvalitetsmusikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola! 

Frå kl. 21.00 kan du oppleva: 
Kniv og Taffel Swingjazzorkester 
Do lado 
Grandane 
DJ Finborud 
Petter Dalane 
The Red Barn 

 
Kniv og Taffel Swingazzorkester 
–  tek jolataffelen til nye høgder! 

Kniv og Taffel Swingjazzorkester leverer fri og rå swingmusikk frå sigøynar- og Texasswing-songboka. Bandet har tafla jola inn på Voss før, og gjer det igjen, med gåvesekken fylt med endå meir musikalsk joladigg! Etter eit år med innestengd og opplada taffeltrøkk er bandet sprekkeferdig etter å spreia hemningslaus glede på Voss i romjula! 

Mads Berven – gitar, vokal 
David Vogt – fele, vokal 
Kåre Opheim – trommer, vokal 
Karl Wallevik – gitar 
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal 

Do lado 
Bandet Do lado har vossingen Gry Midttun som vokalist og kapellmeister. Saman med bandet serverer ho jazz, latin, bossanova henta hovudsakleg frå Tom Jobims rikhaldige songbok. Det vert glade bossarytmar når Gry tek med seg denne gjengen til Jolajazz: 

Fred Johannesen – flygelhorn 
Arild Seim – gitar 
John Brottemsmo – bass 
Stein Bakke – piano 
Nils Are Drønen – trommer 
Gry Midttun – vokal 

The Red Barn 
Gløym alt du veit om americana, country og jazz-kryssingar. Aksel Røed og Arne Toivo Fjose er klare for å gje ein smakebit av det nye prosjektet «The Red Barn», der dei spelar under mantraet om å foreina desse sjangrane på den aller beste måten.  

«Ingenting er umulig» – Aksel Røed, saksofonar 
«Det beste er kun det beste» – Arne Toivo Fjose, kontrabass 

GRANDANE  
GRANDANE byr på glitrande gladpoprock med sine naive låtar om kjærleik, frustrasjon og lengt mot betre tider. Vossabandet syng på dialekt, og byr på låtar som «Hastverk», «Bakøvesveis», «Bale i Bergen» og sjølvsagt «Trur Du At Ho Likar Meg». Og kjenner me bandet rett, skal me ikkje sjå vekk frå at det òg blir servert ein de Lillos-låt eller to! Det blir garantert godstemning når GRANDANE er klare til å gje gass på Jolajazz!  

Børge Lindland – gitar, vokal 
André Bjørkhaug – gitar, vokal 
Svein Prestegard – bass, vokal 
Inge Skrede – trommer 

Petter Dalane 
Mange kjenner Petter Dalane frå Petters Festjam på festivalen. Du kan venta deg energi, improvisasjon, jazz, humor leik og virtuost spel – og du vil møta Petter rundtomkring på Park denne kvelden! 

DJ Finborud 
Tradisjonen tru skal våre eigen Lars Finborud snurra plater til dansesvoltne jolajazzarar utover natta. Han lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe til vårt glade publikum. Det brukar vera så god fot at støpselet må trekkast ut for å stoppa dansen… 


Billettsal hjå TicketCo. Hugs at me har ungdomspris! 

OBS! Dersom du ynskjer middag inkludert i billetten, ta kontakt direkte med Park på tlf. 56 5 31 00 00 eller resepsjon@parkvoss.no  


Velkomne! 

Del gjerne!