Historisk sus over rytmiske nykomarar

Joakim Rainer Trio (Vossa Jazz/Eirik Helleve)
Joakim Rainer Trio (Vossa Jazz/Eirik Helleve)

Eit sus av 50 år historie – eller var det 500 år? Det var tid for dei store kontrastar på Mølstertunet. Eit museum med omlag 100 år i drift som hyllar eit tun med 500 år historie, med ei utstilling om 50 år med Vossa Jazz og eit band som vart kåra til årets nykomarar i 2022.

Joakim Rainer Trio stilte med nytt album i bagasjen og uanstrengt samspel der dei leika seg med diverse taktartar og rytmiske krumspring. Den tydelege dialogen mellom musikarane i samspel med sterke og multitonale komposisjonar gjer bandet til eit nyskapande og engasjerande rørsle. Dette gjer at ein som tilhøyrar vert nøydd til å både bli rive med og innvolvert, som igjen fører til ei mangfoldsrik konsertoppleving.

Del gjerne!