Vossa Jazz vart skipa 19. desember 1973, og dette har i 2023 blitt markert på ulike vis. 16.desember slepp me jubileumsboka vår, og det blir førehandssal i forkant av sleppet.
På byrjinga av 70-talet reiste ein gjeng unge jazzentusiastar til Montreux på festival. Slik starta den eventyrlege suksesshistoria til ein av dei lengstlevande og mest respekterte jazzfestivalane i Noreg. Kunne verda, kunne Voss! Kva som er høgdepunkta vil variera – ho som digga Jan Garbarek på fyrste festivalen fekk kanskje ungar som så kom til å digga Mari Boine to tiår seinare, og dei som gjekk på Jaga Jazzist i Pentagon visste nok ikkje om at det ein gong var på Dalane fjellstove dei hippaste gjekk på jam tjue år tidlegare. Å samla alle minne, konsertar, opplevingar og folk i ei bok er diverre ei øving i avgrensing – ingen hugsar Vossa Jazz likt. Men kanskje boka får i gang minne? Eller tanken på at verda er full av fantastisk musikk, og kvar palmehelg i femti år har denne musikken kome til Voss. Det er berre å gle seg til neste år og neste år og neste år.
Redaksjonen: Torunn Todal Laberg, Brit Aksnes, Lars Finborud
Skribentar: Nils Kvamsdal, Linda Eide, Brit Aksnes, Lars Finborud
Lesarar undervegs: Kari Høyland, Kari Trana, Trude Storheim
Grafisk utforming: Øystein Vidnes
Produsent: Skald Forlag
Hjelparar til fotoidentifisering: Lars Mossefinn
Reint praktisk går du inn på Vossa Jazz si side på TicketCo og kjøper ein ”billett” for boka. Då får du ein Qr-kode på lik linje med ein billett som vert scanna når du hentar henne.
Boka kan hentast på Norli Vossevangen frå 16.desember, og på Vossa Jazz-kontoret frå måndag 18.desember.
Pris på boka er: 399kr