Den perfekte bygda

Undergrunnen
Undergrunnen

Ifølge vokalist Pål Jackman så er Voss den perfekte bygd – og i dag viste Voss deg frå den sida med strålande sol for utekonserten til Undergrünnen ved Gamlekinoen.

Det var lova frekk stemning og skarpe poeng i teksten, og Undergrünnen nytta høve til å oppmoda alle om å følg med på krigen i Ukraina.

I tillegg til å nyta sola fekk også eit ivrig publikum sjansen til å bidra. Ein potensiell ny rocke gitarist frå Voss viste fram sine første riff til stor jubel frå band og tilhøyrarar. Me vonar det gav meirsmak – og at han kommer tilbake på scena med eige materiale om kort tid.

Det er påske, sol og rock – ein heilt perfekt laurdag. For dei som vil ha meir – vel møtt på Pentagon i kveld.

Del gjerne!