Cecilie Løveid opnar jubileumsfestivalen!

Foto Helge Skodvin

Løveid sin forfattarskap er blant dei rikaste og viktigaste me har i norsk litteratur, på tvers av prosa, lyrikk, og dramatikk.

Dei eksperimentelle scenetekstane hennar har sidan 80-talet vorte rekna som nokre av dei mest originale bidraga til samtidsdramatikken her til lands. Ho er òg ein av dei mest betydelege lyrikarane i norsk litteratur.

Ho debuterte med romanen «Most» i 1972, og året etter var ho faktisk ein av lyrikarane som var med på den aller fyrste Vossa Jazz-festivalen! No var det på høg tid at me fekk ho tilbake – me gler oss til å høyra korleis ein forfattar av dette kaliberet oppsummerer 50 fantastiske år med Vossa Jazz.

Del gjerne!