Ane Brun feirar 20-årsjubileum som artist på Vossa Jazz!

Ane Brun har hatt ei eventyrleg reise som artist sidan debutalbumet ”Spending Time with Morgan” frå 2003. Seksarane har trilla tett etter ei lang rekke briljante album og fantastiske konsertar. ”It All Starts With One” (2011), ”When I’m free” (2015), ”Leave Me Breathless” (2017), ”After The Great Storm” og ”How Beauty Holds The Hand of Sorrow” (2020) er nokre av høgdepunkta. Det norskspråklege albumet ”Nærmere” (2022) føyer seg fint inn i gullrekka.

Dei mange europaturneane dei siste ti åra har tydeleg demonstrert at Ane Brun er blant våre aller beste liveartistar. Jubilanten har hatt ei lang rekke konsertar i ulike konstellasjonar – i og utanfor Skandinavia – solo, duo, med band, strykarar og symfoniorkester. Festivalkonsertane i duoformat med pianist Marte Eberson under pandemien gav meirsmak; og no kjem den strålande duoen til Vossa Jazz.

Ane Brun lovar splitter ny musikk, fleire samlealbum og uforgløymelege konsertopplevingar når ho feirar sine fyrste 20 år som artist – det er berre å gleda seg!

Ane Brun – vokal, gitar
Marte Eberson – tangentar, vokal


Voss idrettshall sundag 2. april kl. 20.00
Kjøp billettar hjå TicketCo.


Del gjerne!