Sondre Lerche
Foto Marius Hauge

To konsertar med Sondre Lerche

Laurdag 8. april skal Sondre Lerche halda to konsertar på Vossa Jazz!

Begge konsertane finn stad i Pentagon på Park Hotel Vossevangen.

https://www.facebook.com/kari.bergo.1/videos/1073024876142670/

 

Først blir det solokonsert kl. 15:30 – og her er det fri aldersgrense!

Dette er ein unik moglegheit til å oppleva hitmakaren på kloss hald – han stiller med gitar og ein
energi på scena få andre har! Du vil få høyre alt ifrå landeplaga Two Way Monologue
til den nye singelen I’m Always Watching You. Konserten har fri aldersgrense, så ta
med deg heile venegjengen og bli med på ein kjekk og minnerik konsert!

Sondre Lerche vokal, gitar

Kjøp billettar her.

Konserten på kvelden inngår i billetten huskort laurdag. Du kan evt. kjøpa dagskort eller festivalpass:

Sondre Lerche er ein av desse sjeldne musikarane som alltid er fullt og heilt seg sjølv. Han har eit distinkt særpreg, fordi personlegheiten hans skin gjennom musikken han lagar. Han har ein fantastisk energi, og ein utruleg teft for den gode melodien og det fengjande refrenget. Sidan han debuterte som 19-åring med suksessalbumet Faces Down har han jamnleg kome med album som har stadfesta posisjonen hans som ein av Noregs viktigaste pop-artistar. Den nyaste singelen hans, «I’m Always Watching You», er ein leiken og fengjande song om kjærleik og sosiale medier – ei catchy pop-perle i moderne Whitney Houston-møter-Prince-stil.

Lerche gler seg stort til konserten på Vossa Jazz, fordi han då får ein mogleheit til å «jazza opp» settet sitt litt meir enn vanleg. Det er eit preg av jazz og improvisasjon i melodiane til Lerche – i dei voldsame krumspringa, og det leikne forholdet til rytme og akkordar. Sondre Lerche har vore ein av Noregs viktigaste artistar gjennom ei årrekkje, og me gler oss til å sjå det fantastiske live-showet hans på Vossa Jazz!

Sondre Lerche – vokal, gitar
David Heilman – trommer
Alexander von Mehren – tangentar
Chris Holm – bass

Velkomen!