Plakat 2014

Kiyoshi Yamamoto
Sjølv om han jobbar med flere medie innan visuell kunst kallar han seg fyrst og fremst tekstilkunstnar. Veven på plakaten er handvevd! Kiyoshi er oppvaksen i Brasil med japanske foreldre og det er denne multikulturelle bakgrunnen som inspirerar han til å jobba med kunst. Utstillinga er ei forlenging av masterprosjeket This is not the right color som reflekterer fascinasjonen hans over korleis blinde og fargeblinde opplever verda og kunsten.

Kva som blir definert som ”farge” har vorte bestemt av det sjåande fleirtalet men reseptorane i hjernen les synsinntrykk ulikt og dermed burde ein heller diskutert bruken av namn enn kven som har rett til å definera. Kanskje ikkje så rart at fargeblinde ikkje vil ha på seg at dei har ei funksjonshemming med andre ord! Og særleg i kunstsamanheng har svaksynte vore ein minoritet noko eg meinar er feilaktig, seier Kiyoshi.

Til den gryande påskesola i palmehelga så har han fått spesiallaga solbriller. Solbrillene spelar vidare på tankane om kva måte me ser verda på.

Kiyoshi Yamamoto (1983) bur og jobbar i Bergen. Han har utdanninga si frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen Escolas de Belas Artes i Rio de Janeiro og London College of Fashion og allereie rukke å hatt utstillingar i Kina Tyrkia England Danmark Thailand Palestina Island og Finland. I 2013 var han prisnominert til Forårsudstillingen i Charlottenborg Kunsthall.