Plakat 2015

Kristin Austreid.
Karmøykunstnaren Austreid har avslutta masteren sin ved Kunstakademiet ei underavdeling av Kunst- og Designhøgskolen i Bergen og vart svært glad for det prestisjetunge oppdraget. Hennar kunstretning er måleri og ho seier dette til Avisa Hordaland: – Det meste har i alle fall med maleri å gjera. Eg jobbar figurativt i oljemaling og motiva mine er oftast organiske landskap som gjev kroppslege assosiasjonar.

Å verta årets Vossa Jazz-kunstnar inneber både at du skal laga ei separatutstilling til festivalen og at du er ansvarleg for motivet på årets Vossa Jazz-plakat. Samarbeidet mellom Vossa Jazz Voss Kunstlag og Vekselbanken gjev også kunstnaren eit stipend på 50.000 kroner. Avtalen mellom dei tre partane gjekk ut dette året men er fornya for tre nye år.