Plakat 2010

Årets Vossa Jazz-kunstnar er fotograf Vidar Herre. Motivet er restane av veggen på den no rivne Enkjeheimen. Både rivinga og motivet i seg sjølv gjev rom for ettertanke ein ser framover med fortida i tankane.
 Kunstnaren har kalla verket “Møte med veggen”:

“Dei fleste av oss har ei fortid… Nokre dører små rom me prøver å stengja bak oss. Gamalt slagg me prøver å gløyma. — Men så opnar dei seg brått opp att og opnar gamle sår. Murpussen slår sprekker. No er det eit tiårsskifte sidan Enkjeheimen gjekk i bakken for å gjera plass til ei ny tid — gje plass til nytt blod i gatebiletet. Det er eit år sidan Ivar B. Løne(85) og Aagot Himle (66) laut gje tapt for gravemaskinene og lova sine lange armar. Lenkjene brast — og framtida med? Kanskje tomta bør bli som ho er for å vitna om gamle dagar? –Eller gje oss noko nytt å bryna oss på til å byggja Noregs hus ilag med europeiske presidentar og andre lokale heltar. Folk treng hus og tinghus treng folk.”

Vidar Herre er ein prisvinnande fotograf busett på Voss og med arbeidsplass i avisa Hordaland.