Plakat 2012

Elin Brissmann
Brissman står òg bak festivalutstillinga som er eit samarbeid med Voss Kunstlag. Utstillinga har fått tittelen: “Nowhere better than this place”.

I eit forsøk på å lyfta fram det vakre i det usedde og kvardagslege målar Brissman detaljerte bilete av husfasadar frå tida mellom 1945 og 1975. Bygningar frå denne perionden vert ofte møtt med lite respekt og vert ofte rivne eller renoverte til det ugjenkjennelege. Brissman ynskjer at andre skal sjå desse bygningane slik ho gjer – sjå deira diskré skjønnheit.