Merkelappar: vossa jazz 2018

Badnajazz, Good Time Charlie (Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannesen)

Fullt sirkus i kulturhuset på laurdag

Good Time Charlie og elevar frå Gullfjordungen skule fylte kulturhuset med humor, dans, groovy badnablues og engasjert allsong laurdag ettermiddag. Arle Hjelmeland var sirkusdirektør for høvet og hadde full kontroll over manésjen. Med store gestar, humor, barnleg fantasi og overtydande formidlingsevne fekk han alle med på notane. På fremste rad trampa gallopperande barneføtter takta så… Les meir »

Jan Erik Vold (Foto: Vossa Jazz/Kjersti Døssland)

Sundagskaffi med vår fremste jazzpoet

Sundagsmorgonen starta roleg i foajeen på Gamlekinoen, der Audun Vinger var i samtale med Jan Erik Vold. Dette er mannen som verkeleg viste Noreg at jazz og poesi høyrer saman. Det passa eigentleg ganske godt at det var lydprøve i salen innanfor samstundes – slik fekk samtalen eit bakteppe av dempa jazz. Publikum fekk interessante… Les meir »

Natalie Sandtorv (Foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz)

Kompromisslaus gåsehud

Det var kø langt inn i restauranten på Park då Natalie Sandtorv og bandet byrja å spele på Café Stationen laurdag kveld. Ikkje merkeleg, for dette var ein konsert med unik energi og tonnevis av trøkk. Natalie Sandtorv har ei unik evne til innleving – ho (og dei blinkande gullpaljettskoa) nærast svevde over scenegolvet under… Les meir »

Friensemblet (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Folkemusikk som resultat av kulturmøte

Osasalen i Ole Bull Akademiet er ein folkemusikkbastion. Her har tallause folkemusikarar trådt sine fyrste, famlande springarsteg, lært sine fyrste slåttar og kveda «eg er liten eg men eg vaoga meg» sidan oppstarten på 70-talet. Skal me verkeleg ta framande folketradisjonar, jazz og omkringliggjanda sjangrar inn her, i folkmusikken sitt aller mest heilage? Eit rungande… Les meir »

Relling, Jazzintro (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Relling er vidare til Jazzintro-finalen!

Relling gjekk vidare frå Jazzintro-arrangementet laurdag kveld på Vossa Jazz, og er no kvalifisert til finalen på Moldejazz 2018. Om dei vinn der vert dei utropt til “Årets jazznavn” på Moldejazz, og mottar Gramo-stipendet på 150.000. Kryss fingrane – for dette var verkeleg eit talentfullt band som fortener all honnør dei kan få!

Benedicte Maurseth, Vossa Jazz-prisen 2018 (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Benedicte Maurseth fekk Vossa Jazz-prisen 2018

Den 31. Vossa Jazz-prisen går i år til Benedicte Maurseth og vart delt ut av leiar av kulturutvalet i Hordaland, Beate Husa. Gratulerer, Benedicte! Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr., og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Marie Storaas. Juryen si… Les meir »