Vestkyst til Vestkyst

HP Gundersen & The Last Hurrah (Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannessen)
HP Gundersen & The Last Hurrah (Foto: Vossa Jazz/Amalie Johannessen)

Det var ikkje så langt frå solfylte vestkysten til regntunge vestlandet i Vossasalen denne kvelden. Her var det ingen klisjéar og låtane kom som perler på ei snor rett frå hjartet til både «det gale geniet», som Maesa Pullman kalla HP, så vel som resten av bandet. Formidlingsevna var det ingenting å utsetje på, verken på den strålande, ektefølte vokalisten og tekstforfattaren Maesa Pullman eller resten av den sprudlande gjengen. Møtet mellom den norske og og den amerikanske vestkysten var eit særdeles vellukka eksperiment.

Wahwah-pedal har vel aldri vore nytta på ein kulare måte enn David C. Vogt gjorde på fiolinen sin, og meire kjensle frå ein Gibson Les Paul-gitar har ikkje Vossasalen høyrd sidan førre gong nettopp HP trakterte den, på same stad for eitt års tid sidan. Kulare Hammond-organist enn John «JT» Thomas må ein leite lenge etter, for då han kom hoppande over scena, frå flygel til orgel og attende, var han kongen over Voss. Helen Eriksen sine saksofonsoloar slår, som vanleg, lufta ut av dei fleste.

Dette var kjensle frå ende til annan, og HP Gundersen sto med eit takknemleg smil før han takka sine medmusikantar og kom med ein liten «freudian slip» og takka Trudejazz, noko han umiddelbart retta til Vossa Jazz – til høglydt latter frå publikum.

Del gjerne!