Vangen riggar til Vossa Jazz!

Gabriel Fliflet øver på verket "I lys loge". Foto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz
Gabriel Fliflet øverFoto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz

Banner pryder gatene, jazztoget glir snart inn på perrongen, og i krikar og krokar rundt i bygda gjer ein horde av musikarar og frivillige seg klare for dyst.

“Eg må alltid på Vossa Jazz, sjølv når eg ikkje får betalt,” fortel Gabriel Fliflet med glimt i auga. Han har vore på Vossa Jazz så og seia kvart einaste år sidan fyrste gong i 1988. I mørkerrommet på Voss gymnas legg han og resten av Vossa Jazz-veteranane siste hand på verket torsdag ettermiddag. I dag øver me så lenge me kan og må, seier Fliflet, sjølv om det for oss ærleg talt ser ut til at det meste sit som eit skot.



Årets festivalkunstnar, Ståle Gerhardsen, er òg travelt oppteken denne fredagen! Hans mange fargesprakande og ekspressive verk skal på plass innan det brakar laus med utstillingsopning på Kulturhuset allereie kl. 16:30 på fredag. 

No er festivalen like rundt hyrnet, så det er berre å kjøpa billettar, hoppa i støvlane og bli med på festen!


Festivalkunstnar Ståle Gerhardsen, Foto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz
Festivalkunstnar Ståle Gerhardsen, Foto: Ådne Dyrnesli / Vossa Jazz

Del gjerne!