Merkelappar: torstein lofthus

Mathias Eick

Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick har vore blant verdas største jazztalent sidan tidleg 2000-tal, og sjølvsagt òg ein Vossa Jazz-favoritt!

Hedvig Mollestad med Tingingsverket til Vossa Jazz 2019!

Me tjuvstartar opning av jolakalenderen vår og har den gleda å melde at Hedvig Mollestad Thomassen skriv det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz! Gitarvirtuosen frå Ålesund er kjend for tunge riff, ville løp og intelligente komposisjonar i skjæringspunktet mellom jazz, rock og samtidsmusikk. Med bandet Hedvig Mollestad Trio har ho spreidd halsbrekkande jazzrock frå eit… Les meir »

Gode omtalar frå Vossa Jazz

Fleire utanlandske journalistar vitja årets festival og Ian Patterson frå All About Jazz har skrive ein fyldig omtale. Her kan du lesa om hans opplevingar på Vossa Jazz 2016!

Red Kite, Foto: VossaJazz/Odin Drønen

Når klokka slo trøkk

Natt til laurdag var det definitivt nok vind frå forsterkarelementa til Even Helte Hermansen til å få letta resten av Red Kite på Pentagon. Eit engasjert, sveitt og lydhøyrt vossajazz-publikum tok imot referansane til blant anna storheitar som Jimi Hendrix og Led Zeppelin på ein eksemplarisk måte. Ordet “supergruppe” som vart nevnt på førehand vart… Les meir »