Merkelappar: torhild ostad

Torhild Ostad & Carsten Dahl (Foto: Vossa Jazz/Inga Henriette Undheim)

Lågmælte rop over stjernebru

Lukkeleg var forsamlinga som hadde samla seg i mørkret i Osasalen for å sjå og høyre Torhild Ostad og Carsten Dahl denne solrike ettermiddagen.

Torhild Ostad og Carsten Dahl

Det er over 20 år sidan Torhild Ostad gav ut den vakre folketonesamlinga Blomar i moll. No er ho tilbake, denne gongen saman med den danske pianisten Carsten Dahl – ein av dei aller mest kreative og spanande pianistane innan jazz og klassisk i Norden idag.