Lastar Hendingar

Tore Brunborg: «`Ym»

  • Denne hending er over.
laurdag 23. mars

Kl 14:30

 

Brunborg kjem med eit heilt nyskrive verk med Voss som bakteppe, både visuelt via Sveinung Iversen sin kunst, i ord skrivne av forfattar Dag Helleve og i komposisjonen i seg sjølv. Dette samarbeidsprosjektet har dei valt å kalla `Ym.

`Ym på vossamål tyder lyd langt borte frå, og det er dette som er inspirasjonen, å få fram mange røyster gjennom ulike kunstartar. Meininga er å få fram at Vossa Jazz er meir enn ein rein musikkfestival, men har vorte eit omgrep på Voss som ein stor kulturhappening i palmehelga. På bandfronten har han plukka frå øvste hylle, og me ser fram til ein ny suksess etter 2009-verket &rdquo,Scent of soil&rdquo,, som også var spesialskrive for Vossa Jazz.

Tore Brunborg – saksofon
Per Oddvar Johansen – trommer
Eivind Aarset – gitar
Steinar Raknes – bass
Dag Helleve – tekstar
Sveinung Iversen – biletkunst / foto
Terje Nesthus – video