sudan dudan
Det knirka ordlaust i det 700 år gamle treverket då 60 heldige tilhøyrarar fann plassane sine for å røyne makelause Sudan Dudan fylle eit utseld Finnesloft.
Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal.
Vandringa går frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet.
Undervegs vert det passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria. På Finnesloftet vert det omvising og konsert med Sudan Dudan, på Mølstertunet vert det omvising og kort foredrag om bryggetradisjonar – og smaksprøvar.
Overtydande byr duoen Sudan Dudan på springarar og balladar dei musikalske inspirasjonane er verdsomspennande. Innimellom norsk tradisjonell folkemusikk dreg dei med seg innspel frå folk country og innimellom høyrer ein…