«Story Water» – vart og funky bestillingsverk

gunhild_seim

Gunhild Seim opna Fraktgodsen for i år med bestillingsverket “Story Water”. Frå Seim forsiktig blas i gang konserten hadde ho publikum med seg. Seim leikte seg med trompeten over ei sterk rytmeseksjon i eit vakkert samspel der medmusikantane til Seim også viste sterke enkeltprestasjonar. Spesielt merka vi oss den varme vokalen til Trym Bjønnes. Lytteopplevinga vart utfylt av den flotte videokunsten til Birk Nygaard.

“Story Water” er eit tilgjengeleg og komplekst stykke både vart og funky. Publikum fekk ei samansett men likevel heilskapleg og ikkje minst nydeleg konsertoppleving.

Nrk tok opp heile konserten slik at dei som gjekk glipp av Gunhild Seim i Fraktgodsen eller som ønskjer å høyre konserten ein gong til vil få høve til det.

Del gjerne!