Merkelappar: solveig wang

FIEH (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)

Fy FIEH, for ein fredag!

Det var eit forfriskande syn å sjå dei åtte medlemmane i FIEH leike seg på scenen utover fredagsnatta.

Fieh

Sleipe, groovy båkpå-rytmar, basslinjer som set seg i hoftene og mjuk, melodiøs vokal som kiler øyregangane. Om ein er er glad i Erykah Badu og D’Angelo og tidlegare Vossa Jazz-artistar som Rohey og Charlotte Dos Santos er dette ein konsert ein lyt setje ring rundt i kalendaren.