Siwan henta verda heim til Voss

Jon Balkes Siwan, Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
Jon Balkes Siwan, Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Det vert ikkje Vossa Jazz før ein bunadskledd mann frå Styve på Evanger har spelt Vossa Jazz-hymnen til Per Indrehus på neverlur for ein breiddfull Vossasal. Fyrst då, kan sjåvet byrja.

Randi Fuglehaug, utflytt vossing og krimdronning, opna festivalen med å heidre Vossa Jazz for å ha ført verda heim til vesle Voss. – Eit snev av New York i Pentagon eller auraen til Berlin i Fraktgodsen, tre dagar til endes.

Dette stemde spesielt godt for opningskonserten til Siwan, der ensemblet er samansett av 14 musikarar frå sju ulike land. Med sju dikt frå Al-Andalus som utgangspunkt, frå ei tid på den Iberiske halvøya då kristeleg, jødisk og islamsk religion levde side om side, har han komponert dette verket. Med ti strykarar og to perkusjonistar samt komponist Jon Balke sjølv på tangentar, vart dette ei konsertoppleving som levde opp til Fuglehaug sine ord om den internasjonale festivalvibben. 

Blant høgdepunkta var Mouna Boutchebak si vokalframføring av ein eigenkomponert melodi og trommesoloane mellom Pedram Khavar Zamini på tambak og Helge Norbakken på perkusjon.

Ein verdig start for festivalen!

Del gjerne!