Lastar Hendingar

Signe Emmeluth: Banshee

  • Denne hending er over.
fredag 8. april

Kl 20:00

Ein banshee er ein mytisk figur, som varslar død, øydelegging og sorg med skingrande skrik og kraftfull stemme. Dette er utgangspunktet for den danske supersaksofonisten Signe Emmeluth sitt nyaste bestillingsverk!

Saman med eit stjernelag av unge, framifrå musikarar har Emmeluth laga eit verk der kraftfulle og tydelege stemmer vert vikla saman. Ho skildrar sjølv Banshee som ein «uræd fortælling om nærvær og øjeblikke»:

Banshee-figuren er ikkje nødvendigvis tenkt som noko skremmande og grufullt, men heller ein måte å koma i tale med tiden som flyg på. Lev livet mens du har det. Kva får me opplevd, i den korte tida me finst? Kva etterlater vi oss? Er vi tilstades, eigentleg?

Signe Emmeluth kjem opphaveleg frå Odense i Danmark, men har budd i Oslo sidan 2017. Ho fekk utdanninga si frå Jazzlinja i Trondheim, og har spelt med band som Spacemusic Ensemble, Skarbø Skulekorps, OWL og Konge, i tillegg til sitt eige band Emmeluth’s Amoeba. I 2021 debuterte ho og som soloartist, med plata Hi, Hello, I’m Signe.

Signe Emmeluth – altsaksofon, elektronikk, vokal
Guoste Tamulynaïte – piano, vokal
Guro Moe – kontrabass, el-bass, vokal
Maja S. K. Ratkje – vokal, elektronikk
Anne Efternøler – trompet
Heida Karine Johannesdottír – tuba, elektronikk, vokal
Jennifer Torrence – slagverk , vokal
Magnus Skavhaug Nergaard – lydteknikar

 

English:
Danish, Oslo-based saxophone player Signe Emmeluth has established herself as a leading improviser, musician and composer on the nordic jazz scene. She comes to Vossa Jazz with her first commisioned work, titled Banshee. While named after a mythical spirit foreboding death and sorrow, Signe herself describes the work as «a courageous story about presence and fleeting moments».