Signe Emmeluth med ny bestilling til Vossa Jazz

Foto Arild Schei

Verket har fått tittelen Banshee. Ein banshee er ein mytisk figur, som varslar død, øydelegging og sorg med skingrande skrik og kraftfull stemme. Dette er utgangspunktet for den danske supersaksofonisten Signe Emmeluth sitt nyaste bestillingsverk!

Saman med eit stjernelag av unge, framifrå musikarar har Emmeluth laga eit verk der kraftfulle og tydelege stemmer vert vikla saman. Ho skildrar sjølv Banshee som ein «uræd fortælling om nærvær og øjeblikke»:

Banshee-figuren er ikkje nødvendigvis tenkt som noko skremmande og grufullt, men heller ein måte å koma i tale med tiden som flyg på. Lev livet mens du har det. Kva får me opplevd, i den korte tida me finst? Kva etterlater vi oss? Er vi tilstades, eigentleg?

Signe Emmeluth kjem opphaveleg frå Odense i Danmark, men har budd i Oslo sidan 2017. Ho fekk utdanninga si frå Jazzlinja i Trondheim, og har spelt med band som Spacemusic Ensemble, Skarbø Skulekorps, OWL og Konge, i tillegg til sitt eige band Emmeluth’s Amoeba. I 2021 debuterte ho og som soloartist, med plata Hi, Hello, I’m Signe.

Signe Emmeluth – altsaksofon, elektronikk, vokal
Guoste Tamulynaïte – piano, vokal
Guro Moe – kontrabass, el-bass, vokal
Maja S. K. Ratkje – vokal, elektronikk
Hild Sofie Tafjord – horn, elektronikk, vokal
Heida Karine Johannesdottír – tuba, elektronikk, vokal
Jennifer Torrence – slagverk , vokal
Magnus Skavhaug Nergaard – lydteknikar

Gamlekinoen fredag 8. april kl. 20.00

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!