Merkelappar: sigbjørn apeland

Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

På mosegrodde stiar

Sundag ettermiddag var Osasalen omgjord til ei stova med dunkel belysning, der publikum sat i ring rundt trioen i 1982. Om ein lukka auga opna det seg eit eventyrleg skogslandskap. Frå trøorgelet mana Sigbjørn Apeland fram skjøre solstrålar som glimra i den mosegrodde skogbotnen, medan Øyvind Skarsbø sine sildrande symbalar viste veg inn i eit… Les meir »

1982

1982 er ei gåvepakke til alle som er glade i og kjenslevare for subtile nyansar, avstemde teksturar og vakre stemningar i jazz- og folkemusikk.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein artist med eit sterkt forteljarhjarte og evne til å berøre tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft.

Gode omtalar frå Vossa Jazz

Fleire utanlandske journalistar vitja årets festival og Ian Patterson frå All About Jazz har skrive ein fyldig omtale. Her kan du lesa om hans opplevingar på Vossa Jazz 2016!

Tenor Battle

Håkon Kornstad var ein veletablert jazzsaksofonist då han i 2009 plutseleg oppdaga ein ny lidenskap og eit skjult talent.

Nils Økland, Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Virtuost og suggererande

Forventingane var skyhøge og Vossasalen tettpakka då Nils Økland entra scena for å framføre sjølvaste tingingsverket. Han hadde med ein gjeng fantastiske musikarar som leikande, skurrande, bølgjande bygde opp og tona ned musikken under stødig leiing av Økland. Kombinasjonen av tradisjonell folkemusikk, rocka folk, punk og jazz fungerte som ei kule. Publikum nikka ivrig og… Les meir »

Nils Økland, Tingingsverkkomponist 2016

I over 30 år har den kvalitetsbevisste felemeisteren sprengt sjangergrenser med sikker bogeføring. Nils Økland har skapt ein eigen folkemusikk som er bevegeleg, mangfoldeg og innovativ ved å trekkje inn element av klassisk, samtids-, jazz, verds- og improvisasjonsmusikk. Sjølv meiner han at han lagar låtar som kombinerer poesien i folkemusikken med energien i punken –… Les meir »