Lastar Hendingar
Ragnhild Furebotten

Ragnhild Furebotten – Never On A Sunday

  • Denne hending er over.
fredag 18. mars

Kl 22:30

Saman med seks av landets beste jazzblåsarar har felespelaren Ragnhild Furebotten gjeve nytt liv til eigne melodiar og folkemusikalske skattar frå nord. Med ein kombinasjon av lett galskap, nordnorsk esprit og deileg melankoli tok bandet publikum og anmeldarar med storm då prosjektet vart lansert i 2011, og ein Spellemannspris vart det òg. Etter ein pause grunna mammaperm samlast endeleg gruppa igjen til Vossa Jazz 2016.

Arrangementa til Helge Sunde og Geir Lysne kretsar kring det vakre og lidenskapelege spelet til Furebotten, som ein kjenner frå grupper som Hekla Stålstrenger og Majorstuen. Blåsarane hentar fram uante krefter i fela hennar – dei både bryt med og byggjer vidare på dei vene tonane – i alt frå heftige balkaninspirerte rytmer til symfoniske harmoniar og leikande jazzeskapadar. Til deg som diggar både virtuost felespel og ei godt utbygd blåserekke: Hugs å få med deg det nye yndlingsbandet ditt på Vossa Jazz!

Helge Sunde – trombonium og arrangement
Frode Nymo – saksofon
Torben Snekkestad – saksofon
Marius Haltli – trompet
Eckhard Baur – trompet
Lars Andreas Haug – tuba
Ragnhild Furebotten – fele

www.furebotten.com

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
The famous fiddle player Ragnhild Furebotten has reinvigorated traditional folk music together with six of the best jazz horn players from Norway. The album Never On A Sunday won Spellemannsprisen 2011, and the group recieved national and international acclaim for their playful blend of traditional Norwegian folk music and contemporary jazz inspiration. Fiona Talkington from BBC Radio 3 wrote: «The music is a vision of Norwegian tradition which is warm and intensely moving.  It’s perfect for our 21st century ears yet never loses the heart and spirit of an age gone by.»