Lastar Hendingar

Petter Wettre

  • Denne hending er over.
sundag 5. april

Kl 15:00

Petter Wettre har sidan tidleg 90-tal markert seg som ein av dei viktigaste utøvarane på den norske jazzscena. Med Petter Wettre Trio og Wettre Quartet har han sanka fleire Spellemann-prisar, laga ei rekke knallgode album og spelt på scener verda over.

Den virtuose saksofonisten er best kjend for å spele jazz som verkeleg groover, sjølv om det musikalske uttrykket som oftast er nærare avantgardejazzen enn den meir tradisjonelle swing- og bopmusikken. Men i arbeidet med sin siste innspeling – The Last Album – har han gjeve seg i kast med det han sjølv kallar «den ultimate utfordringa»: balladen.

Med det siste albumet, og konserten på Vossa Jazz, openberrer altså Wettre ei meir lyrisk og stillfaren side, gjennom kjenslevare melodiar og varsame komposisjonar.

Den nye kvartetten til Wettre har eit internasjonalt preg, med spanande og svært røynde jazzmusikarar frå Danmark, Tyskland og England.

Petter Wettre – saksofon
Jason Rebello – piano
Daniel Franck – bass
Dejan Terzic – trommer

English:

Petter Wettre has been one of Norway’s finest and most important saxophone players since the early nineties. He is best known for playing groovy and swing based music with a big portion of avant garde influence. For his last album, aptly called The Last Album, he changed direction and tried his hand at what he has dubbed «the ultimate challenge»: the ballad.