Knappe tre timar etter urframføringa, har Ekhidna funne vegen ned i djupe klubbkjellarar.

Knappe tre timar etter urframføringa, har Ekhidna funne vegen ned i djupe klubbkjellarar.
Jørgen Sandviks Permanent Vacation er namnet på soloprosjektet til Jørgen Sandvik, men han var ikkje på ferie her på Voss!
Etter ei lang rekkje framifrå konsertar på fredagskvelden har festivalstemninga verkeleg sett seg i kroppen. Men så vert jo klokka både tolv og eitt og endå meir, og omsider stilnar musikken. Dei liflege tonane av Kajfeš Arkester, Charlotte Dos Santos, Vaular og Skadedyr susar framleis i øyro – er kvelden verkeleg over allereie? Klokka er halv… Les meir »
Sondre Lerche har Pentagon i si hule hand frå fyrste tone denne laurdagskvelden på Vossa Jazz. Han starta med låta Soft feelings der han syng “I’ve got so much love to give” – og det viser han til gagns. Lerche er energisk, karismatisk og fengjande. Han rockar, jazzar, dansar og croonar, og på eit tidspunkt… Les meir »
Det er klart at Jazzintro er ein særdeles spanande del av Vossa Jazz, for i kveld på Pentagon vart det avgjort kva for eit band som vinn ei lanseringspakke, arbeidsstipend frå Gramo og får æra av å spele på finalen under Moldejazz i sumar. Juryen som valde ut finalistane består av saksofonist Sissel Vera Pettersen,… Les meir »
Natt til laurdag var det definitivt nok vind frå forsterkarelementa til Even Helte Hermansen til å få letta resten av Red Kite på Pentagon. Eit engasjert, sveitt og lydhøyrt vossajazz-publikum tok imot referansane til blant anna storheitar som Jimi Hendrix og Led Zeppelin på ein eksemplarisk måte. Ordet “supergruppe” som vart nevnt på førehand vart… Les meir »