Opningstale 2008

Av og med Gunnar Staalensen:

Varg Veum
opnar Vossa Jazz 14. mars 2008!

Vossa Jazz har 35-års jubileum i år. Det er mange meir eller mindre sanne soger knytta til festivalen. Ei av dei er at Varg Veum er fast gjest på Voss i Palmehelga. Vossa Jazz ynskjer å høyra meir om dette; har Varg vore på Vossa Jazz og i så tilfelle kva har han som si største oppleving; Dexter Gordon i 1977, Tore Brunborg i 2006 eller er det undersøkande arbeid i Pianobaren på Park Hotel som har vore favorittaktiviteten?

Gunnar Staalesen opnar jubileumsjazzen med ein ny tekst om Varg på Vossa Jazz, og i tillegg vert det konsert med Vargtime på kvelden.

 

Forfattaren les

Dag S. Arnesen – piano