Lastar Hendingar

Mathias Eick

  • Denne hending er over.
laurdag 13. april

Kl 22:30

Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick har vore blant verdas største jazztalent sidan tidleg 2000-tal, og sjølvsagt òg ein Vossa Jazz-favoritt! Med soloprosjekta sine, den faste og fantastiske supergruppa Jaga Jazzist og samarbeid med mellom andre Trondheim Jazzorkester, Chick Corea, Pat Matheny, Iro Haarla, Manu Katche og Jacob Young har Eick meisla ut ei hylle for seg sjølv høgt oppe i den majestetiske fjellheimen som er samtidsjazzen.

Ravensburg (2018) – Eick sitt fjerde soloalbum utgjeve av ECM – trekk trompetisten veksel på all si livsrøynsle og sin musikalske lærdom. Det kritikarroste albumet er eit vitnesbyrd om ein fullvaksen kunstnar som har funne sitt unike, levande og eineståande uttrykk, og som har makta å festa det til rillene saman med eit knippe av dei beste instrumentalistane i landet. Plata er ei reise heim for Eick, med musikken som drivkraft og familien som fundament:

Min inspirasjon har vært familien, min kjære, mine små barn som aldri slutter å overraske, og alle de emosjonelle situasjonene som oppstår på den scenen vi befinner oss aller mest, nemlig i hjemmet, fortel Eick sjølv om Ravensburg.

Mathias Eick – trompet
Erlend Slettevoll – piano
Håkon Aase – fiolin
Audun Erlien – bass
Torstein Lofthus – trommer
Anders Aasebøe – teknikk

https://www.youtube.com/watch?v=NlXpdTheuh0

English:
Trumpet player, composer and band leader Mathias Eick has established himself as one of the most important musicians on the nordic contemporary jazz scene with his solo projects, the super group Jaga Jazzist and collaborations with Trondheim Jazzorkester, Chick Corea, Pat Matheny, Iro Haarla, Manu Katche and Jacob Young. On the critically acclaimed «Ravensburg» (ECM 2018) Eick has channeled all of his experience, skill and musical maturity. This record was a journey home for Eick, driven by the love of music and the family as influence and foundation.