Lastar Hendingar

Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim med Moskus: Branches & Limits

  • Denne hending er over.

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


 

Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim i samspel med Moskus kjem med ny musikk til Vossa Jazz!

To prisvinnande musikarar med distinkte uttrykk: Det opne og improvisatoriske går igjen i musikken til Brunvoll og Urheim. Duoen har alltid vore interessert i å blanda det kjende og det ukjende i sine låtar, både i tekstar, komposisjonar og klangar. Dei arbeider ofte utan fast oppskrift og endar gjerne opp med undrande, nysgjerrige låtar som både fenger og utfordrar.

Moskus improviserer leikent i eit sjangerfritt univers, der frisk og morosam eksperimentering og rike lydbilete glir saumlaust saman. Dei viser stor dynamikk i vekslainga mellom utagerande leik og innoversøkande alvor, og mellom fri improvisasjon og komponert materiale.

Når desse to særeigne konstellasjonane brakar saman kan me venta oss skikkeleg magi, og endå meir rar, fin og underfundig musikk enn dei klarar kvar for seg!

 

Mari Kvien Brunvoll – vokal, elektronikk, perkusjon, harpeleik
Stein Urheim – vokal, gitar, elektronikk
Anja Lauvdal – piano, synth, elektronikk
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon
Thorolf Thuestad –  lyddesign

 

English:
Award-winning instrumentalists and vocalists Brunvoll and Urheim has always wanted to mix known and unknown in their songs, both in lyrics, compositions and sound. Moskus plays around in a universe free of genres, gliding seemlessly together through their sonic scenery. When these three forces join in this work, especially commissioned by Vossa Jazz, magic can be expected: weird, wonderous and wonderful music.


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.