Magellan tek til sjøs

Magellan

Byssa var tettpakka då Magellan heva anker og tok til sjøs i dag. Denne gongen ikkje i form av ein oppdagingsreisande på jakt etter nye sjøveger, men heller 14 fremadstormande musikarar frå NTNU Jazzlinja på utkikk etter fengslande melodiar, varme harmoniar og brusande rytmar. 

Myriaden av musikarar i Magellan tok til scenen på Jazzklubben med ei samansetning av strykarar, blåsarar, bassistar, trommisar, pianistar og vokalistar. Orkesteret skapte atmosfærer frå det mjuke, sarte og stille til det valdsame, stormfulle og storslåtte. Med virtuosar på kvar kvadratmeter av scena, eigenskreve låtar og eit samspel som tenderte mot det utrulege vart kvart augeblink i den fullspekka konserten ei opplevelse.

Me er ikkje i tvil om at musikarane frå Magellan vil fortsetja å utforske ukjente farvatn, og med 14 lysande musikkarrierar framføre seg, kan me sjå fram til neste gong orkesteret tek til sjøs.

Del gjerne!