Lassen trykkar på gassen og bergtar jazzen

Lassen (Foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)
Lassen (Foto: Vossa Jazz/Maiken Solholmvik)

Kvartetten syner oss skikkeleg jazz på Cafe Stationen laurdags kveld. Jazz med stor J!

Det er høgt nivå på improvisasjonen som vert framført for eit nikkande publikum. Harald Lassen speler saksofon og Wind Synthesizer Controller (les: elektrisk klarinett) leikande lett og resten fylgjer tett.

Stjernepianist Bram De Looze, superbassist Stian Andersen og Tore Flatjord på forrykande slagverk er drevne til fingerspissane. Dette er ypperleg samspel, og ein fryd for øyre og auge. Lassen trykkar på gassen, frå start til slutt.

Del gjerne!