Lastar Hendingar
Kresten Osgood

OSGOOD / SILVA / MAUPIN / ROBERTSON

  • Denne hending er over.
laurdag 19. mars

Kl 21:00

Danske Kresten Osgood (fødd 1976) er ein gudebenåda live-trommeslager med eit stort hjarte for musikken, ein voldsom appetitt på nye idear og eit fryktlaust sinnelag. Med spontan energi og vilter fantasi kastar han seg ut i utfordrande og overraskande musikalske situasjonar på tvers av sjangrar, landegrenser og generasjonar.

Denne gongen får me høyra han saman med tre levande legender. Den sprudlande Alan Silva har spelt tangentar med storheiter som Cecil Taylor, Bill Dixon og Andrew Hill. 76 år gamle Bennie Maupin spelte med Miles Davis på dei fantastiske platane Bitches Brew(!) og Big Fun og vart seinare med i Herbie Hancock’s Headhunters. Den nyskapande trompetisten Herb Robertson har vore heilt sentral på den internasjonale improvisasjonsscena sidan tidleg 80-tal.

Vossa Jazz 2016 blir fyrste gongen dei spelar saman – dette vert eit spanande, improvisert møte mellom fire usedvanleg sterke stemmer i moderne improvisasjonsmusikk.

Bennie Maupin – bassklarinett, saksofonar
Herb Robertson – trompet
Alan Silva – tangentar
Kresten Osgood – trommer

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
Danish Kresten Osgood is an incredible live drummer with a great passion for music and a big appetite for new ideas. With spontaneous energy he throws himself into surprising musical situations – boundaries between genres, instruments, countries and generations doesn’t seem to apply to him. He brings three living legends to Vossa Jazz: Alan Silva, Bennie Maupin and Herb Robertson have played with a big portion of «who’s who» in the international jazz scene since the seventies. The play together for the first time at Vossa Jazz – their concert will be an exciting and improvised meeting between four strong voices in modern jazz music.