Merkelappar: kjetil møster

Django Bates & Bergen Big Band

Til Vossa Jazz 2018 tar Bergen Big Band med seg sjølvaste Django Bates – ein spontan, original, kompromisslaus og leiken multiinstrumentalist og innovativ komponist, som to gongar har vorte kåra til beste britiske jazzkomponist.

Møster/Edwards/Knedal Andersen (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Ekstreme sax, utforskande jazz

Kjetil Møster er ein hardtarbeidande Vossa Jazz-musikar. Den talentfulle, kreative meistersaksofonisten har spelt og skal spele fleire konsertar, men det låg ingen dempar på trøkket i Festsalen laurdag kveld. Saman med Dag Erik Knedal Andersen på trommar og John Edwards på bass, var Møster uforskamma utforskande i jakta på kor langt ein kan presse instrumenta…. Les meir »

Jam, Kresten Osgood (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Me skal jazza oss på Vossa Jazz for alltid!

Etter ei lang rekkje framifrå konsertar på fredagskvelden har festivalstemninga verkeleg sett seg i kroppen. Men så vert jo klokka både tolv og eitt og endå meir, og omsider stilnar musikken. Dei liflege tonane av Kajfeš Arkester, Charlotte Dos Santos, Vaular og Skadedyr susar framleis i øyro – er kvelden verkeleg over allereie? Klokka er halv… Les meir »

Lars Vaular (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Sverming for Vaular og tjommiane

Om ein går på Vaular-konsert, ventar ein jo gjerne noko uhorveleg henrivande og sutalaust. Detta var ikkje noko unnatak! Drivande deilig og forfriskande – publikum var med frå fyrste stund. Rappar, gangster eller kunstnar, for vår del kan du kalla deg kva du vil, Lars – me står bak deg uansett. Det vart både lekre… Les meir »

Lars Vaular

Gangster vil være rapper – Rapper vil være gangster – Eg e verken eller – Eg e straigth kunstner