Lastar Hendingar

Karl Seglem: Nunatak

  • Denne hending er over.
fredag 12. april

Kl 20:45

Karl Seglem er ei unik stemme i den norske musikkverda. Som komponist, saksofonist og bukkehornspelar har han kontinuerleg utfordra sjangergrensene mellom jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Han har sidan karrièrestarten med banda Sogn-A-Song og Utla levert ei lang rekkje framifrå album, bestillingar og konsertar – alt med kvalitet, nyskaping og inspirasjon som dekkande fellesnemnarar.

Den nyaste plata Nunatak – Eine Erzählung (2018) er ein oppfølgar til det strålande Tingingsverket Som spor, som Seglem laga til Vossa Jazz 2012. Med septetten (saksofon/bukkehorn, to hardingfeler, ulike tangentar, bass og trommer) tek han det kraftfulle og særeigne uttrykket sitt til nye høgder. Musikken tek næring frå den roa og livskrafta som finst i naturen: Nunatak er eit ord som kjem frå grønlandsk, og tyder «naken fjelltopp som stikk opp av ein isbre».

Albumet har motteke overveldande kritikkar både i Noreg og i utlandet. Nunatak hamna velfortent på lista over årets ti beste norske album i Aftenposten. Svein Andersen skreiv dette i omtalen: «Det er så utrolig mange finstemte lag i denne musikken som nesten tar pusten fra deg, takket være mesterskapet til både komponist og hele hans septett. Sjelden har en sekser vært mer opplagt enn med Nunatak.»

Karl Seglem – tenorsaksofon, bukkehorn, vokal
Håkon Høgemo – hardingfele
Erlend Viken – hardingfele
Lars Jakob Rudjord – tangentar
Hallvard Gaardløs – bass
Kåre Opheim – trommer, perkusjon

English:
Karl Seglem is a unique voice on the Norwegian music scene. As a composer, saxophone and bukkehorn (ram’s horn) player, he defies the boundaries between jazz, folk music and contemporary music. His new album «Nunatak – Eine Erzählung» (2018) is a sequel to the Commisioned Work for Vossa Jazz 2012: «Som spor». The album has received great reviews nationally and internationally. The music is influenced by the power of nature, and Seglem’s new septet is a collection of some of Norway’s best musicians from the folk and jazz scene.