Jolajazz

jazz11

Det heile startar klokka 15:00 i Vossasalen med Badnajolajazz der Good Time Charlie skal underhalda born i alle aldrar. Dessutan vil det nystarta Badnajazzkoret vera med!

Good Time Charlie har nett kome med ny CD for born: "Draumeblues og blåsus" ei musikk- og draumereise der «Blåsuset» representerer den store gode krafta i musikken. Kva er det som skjer med oss når vi høyrer musikk og får lyst til å le danse hoppe og synge med? Sjå vedlegg for nærare omtale.

Billettsal i resepsjonen på Park frå 23. november eller i døra kr. 100.

Kveldens program startar klokka 21:00 dersom du då ikkje vel å kjøpa billett inkl. middag då startar kvelden litt før:

Klovning/Tveite/Myhre Trio
opnar kvelden. Den unge jazztrioen (Marius Klovning – gitar Bjørnar Tveite – kontrabass og Jakob Eri Myhre – trompet) er inspirert av plateselskapet ECM sine innspelingar ikkje minst den trommelause «Angel Song»-kvartetten til trompetaren Kenny Wheeler. Trioen lagar mykje av musikken sin sjølv; dette er ein trio der alle må ta likte ansvar for å driva musikken framover og skapa ein indre puls i bandet.

Good Time Charlie
feirar 30 år i år og vert i Noreg rekna for å vera eit pionérband for autentisk rhythm and blues noko dei også har hausta nasjonal og internasjonal anerkjenning for. Sjå gjerne vedlegg for meir informasjon.

Baljelauget
dvs. Olav Undeland Arne Anderdal og Svein Prestegard spelar førkrigsblues i tradisjonen etter dei gamle heltane frå Mississippi ispedd ein solid dose norsk tradisjonsmusikk. Instrumenteringa er gitar hardingfele og vaskebalje og tekstane på dialekt handlar om hjarte smerte tull og vas…

Yngve and his Boogie Legs
eit band med røter i blues og rockesjangeren er kjend for mange av oss. Dei skal avslutta kvelden i Vossasalen. Med fokus på eigne låtar framfører dei nytolkingar og med eit særeige lydbilete og ei smittande speleglede er bandet eit friskt pust på den norske blues- og rockescena. Andreplata deira "Straighten Up" kom i haust.

Billettsal hjå TicketCo (sjå under) eller i resepsjonen på Park kr. 400 – (billettar i døra kr. 450 -). Middagspakke kjøper du hjå Park: I resepsjonen eller ring 56531000.

Sjå vedlegg for speleplan nederst på sida.

Del gjerne!