Lastar Hendingar
Foto Malthe Folke Ivarsson

Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement

  • Denne hending er over.

If Zeeberg isn’t a genius then he certainly ranks pretty close to one.
– All About Jazz

Jeppe Zeeberg er ein av Danmarks mest originale og ubereknelege musikarar. Den prisvinnande pianisten og komponisten er aktiv i eit utal konstellasjonar, og har vorte prisa av musikkritikarar for sin originale og overbevisande utgåve av moderne jazz, som er ispedd gode dosar inspirasjon frå andre kontemporære sjangrar.

Kvartetten The Absolute Pinnacle of Human Achievement er spesiallaga for framføring av Zeeberg sitt personlege og djupt eklektiske repertoar, som omfattar alt frå ragtime til fri impro og metal! Gruppa består av eit knippe av Københavns mest originale og etterspurde musikarar, og konserten vert delvis basert på Zeebergs siste plate The Full Experience.

Jeppe Zeeberg – tangentar
Henrik Olsson – gitar
Casper Nyvang Rask – bass
Søren Høi – trommer


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


 

English
Jeppe Zeeberg is one of Denmark’s most original and unpredictable musicians. The award-winning composer/pianist is active in countless contexts with a style that has been called «A beautiful, convincing proposal for how modern jazz or contemporary music may sound» by All About Jazz. Zeeberg’s quartet The Absolute Pinnacle of Human Achievement is designed to perform a completely personal and deeply eclectic repertoire that comprises everything from ragtime over free improv to metal, but which basically defies description.