jazzintro
Fem festivalar, fire delfinaler, to trioar og ein vinnar. To unge jazzgrupper møter kvarandre om ein plass i finalen på Moldejazz.
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.
Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz.
Hein Westgaard Trio er eit musikalsk eksperimentarium der alt er lov: Jazz, country, rock, fri improvisasjon, klassisk-, samtids- og folkemusikk glir saman til ein heilskap der skillet mellom komposisjon og improvisasjon er flytande og elastisk.