Fleire utanlandske journalistar vitja årets festival og Ian Patterson frå All About Jazz har skrive ein fyldig omtale. Her kan du lesa om hans opplevingar på Vossa Jazz 2016!

Fleire utanlandske journalistar vitja årets festival og Ian Patterson frå All About Jazz har skrive ein fyldig omtale. Her kan du lesa om hans opplevingar på Vossa Jazz 2016!
I middelalderen ville ein nok anten gjeve Sidsel Endresen helgenstatus eller dømt ho til bålet for demonbesatt heksekunst. Så sterk er krafta i det særeigent melodiøse, kaudervelske jazzspråket hennar – det fekk publikum i Gamlekinoen merka fredag kveld under feiringa av Jazzland-labelet til Bugge Wesseltoft. Ho formidla eit førspråkleg musikalsk univers med umiddelbar kjensle og… Les meir »
Tjue år med utgjevingar som inneheld noko av den beste, mest spanande og nyskapande musikken frå Noreg er openbert ein grunn til feiring.
Arve Henriksen er kjend for å trossa alle sjangrar og bevegar seg i eit melodisk univers som tidvis kan vera litt krevjande men aller mest medrivande. Jan Bang vert rekna som ein av våre aller fremste elektronikamusikarar og han har spesialisert seg på livesampling og remixing. Møtet mellom dei to musikalske uttrykka var utgangspunkt for… Les meir »
Arve Henriksen – trompet, vokal Jan Bang – live sampling Stian Westerhus – gitar Ingar Zach – perkusjon