Isák: Sjeldan rå!

Isák (Foto: Vossa Jazz/Eila Fjose)
Isák (Foto: Vossa Jazz/Eila Fjose)

Sápmis grøde. Dei stod høgt oppe på scena, og høgt oppe på skuldrane til dei som hadde rydda vegen føre dei. Isák. Og så joika dei tre, med Ella Marie Hætta Isaksen i spissen, nett forfedrane og formødrene sine fram att og vyrde dei: bestefar Isák, «Elle» Mari og bygda Masi. Historia ljom sterkt, høgt, og djupt.

Historia. Neste år fyller Vossa Jazz 50 år. Neste år er det også 50 år sidan Nils Aslak Valkepää, alias Áillohaš, sleppte sin fyrste LP – til sterke reaksjonar. Joik høyrer ikkje til på plate, meinte mange. I dag læt det antikvarisk; i dag har joiken ein sjølvsagt plass, ikkje berre på plate, men øvst på programmet på Park!

Giitu. Dei rørde Vossasalen til tårer med joiken og historia. «Det er lov til å gråte», trøysta Ella Marie. Utan at det la nokon form for dempar på det elektroniske og pulserande landskapet av lyd som storma laurdagsnatta og vossajazzarane med ein råskap som set spor.

Del gjerne!